Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sagde stopp; og daa fekk han au Juling. Men dersom
han grét, vart Anne Malene so blid og snild og fann paa
so mykje løglegt at Per laut læ; og so lo dei i Kapp.
Og vesle Per gløymde baade Sinne og Sut, og gav etter
og var Mann med stort Tolmod; træla for Huse so han
burde havt Løn for det.
Paa Skulen slapp Anne Malene like eins lett; det var
ingin som kunde vera vond paa henne lengi. Ho var
helst saman med Gutane; og det fekk ho Lov til; for det
fylgde Moro med henne. Snart styrde ho heile Flokken;
og desse Smaastertane lika seg ikkje utan ho var med.
Det var ikkje Ende paa alle dei galne Ting dei gjorde til
aa vera Karar for henne; dei slost so dei blødde
Naseblod; vassa i Elv og Bekk so dei vart vaate til Knes;
vaaga seg ut paa nattgamall Is; krabba upp paa Lødu og
Fjos og gjekk og spanta att og fram paa Møni som store
Fuglar; süme av deim lærde seg til aa banne; og eit
Par av dei eldste freista endaa med Tobak. Ho var med
deim paa so mykje som ho kunde; sistpaa kunde ho
segja «saagu» og «Dægeren færi meg» likso kaut som
nokon Gut, og tok sine Drag av Pipa so godt som den
likaste. Og daa sette ho slik ein Trut, og var so
morosam so; ein kunde læ seg ihel; eller ho gjorde Narr av
deim, og gjorde lang Nase til deim, og fekk deim so
sinna som smaae Hanar.
Anne Malene kunde aldri Leksa si. Og ho kunde
aldri sitja roleg i Skulen. Men Læraren sagde ikkje
noko for det; og det fann dei andre rimelegt. Daa ho
skulde til Konfirmasjon, kom det ille med at ho hadde
lesi so lite; ho kunde ikkje Katekisma dessmeir. Ja ho
kunde ikkje greide dei tie Guds Bödi. Men Presten saag
at ho var eit godt Barn; det kunde ein sjaa berre ho
smilte; og so hadde ho ein god Forstand, og høyrde
etter naar han forklaara for deim; og Vaarherre bøygde
240
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>