- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
255

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

nokon annan enn underteiknad J. T. Carlstad, og um ho
aldri hadde gjevi nokon annan so mykje som eit blidt
Ord; og so skulde ho skrive tilbake og fortelja han alt
— alt! — som ho daa maatte hava paa Hjarta.

Jens Carlstad lagde Breve i Posten og totte han hadde
klara Biffen. I Grunnen var han ein lentug Kar. Nokre
Dagar etter hadde han Uppslagsbrev. Turrt og kaldt:
det fekk vera slutt millom oss — Jenny Christiansen.

Jens Carlstad hadde eit rundt og godt Andlit; no vart
det litegrand langt. Ein lentug Kar var han. Men han
vilde ikkje negte for, at Jenny Christiansen, ho var
lentug paa si Vis.

Kven skulde faa «En Hanske» fraa henne næste
Gong, tru?

*



Ja so hev eg ikkje stort meir aa fortelja.

Eg kann legje til, at dei unge Folk eg her hev meldt
um no er gifte eller feste alle ihop. Jenny er forlova
med ein Ungkar paa 38 som bannar paa at han aldri
hev elska fyrr; og det kann so vera; han ser ut til
baae Slagi. Jens skal i desse Dagar hava Bryllaup med
ei ung Enkje som hev baade Samvit og Moral, og er verd
i Pengar Kr. 50 000. Men Anne Malene er gift med
Per Tjerandsen.

For Per var ikkje den som gav seg paa sin Rett.
Han fekk høyre mangt og mykje um den Assistenten;
og han visste godt at Anne Malene laug, naar ho sagde
at ho ikkje brydde seg um han; men Per vilde hava
Anne Malene anten so ho peip eller ho song. Ein Kveld
daa han elte henne hardt med dette um Carlstad, vart
Anne Malene vond og sagde ’n beint ut, at ho var glad
i den Guten. Per grét som han var piska og gjekk;
Dagen etter fekk ho Brev, at ho maatte møte han

255

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0257.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free