Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Gongen; ikkje Bru; snarare ei lang Klopp, utan
Håndtre eller nokon Ting; Plankar lagde paa tvers yvi eit
Underlag av Bjelkar, hm. Og ho var høg; so ikkje
Isgangen... skulde taka ho um Vaarane. Og knapt
yvi fire Alnir breid; berre so vidt ein godt kunde
køyre.
«Haalt og gletti var der ög no i Snøtiningi. Meiane
gleid, so dei kom heller langt ut-aat Brukanten
stundom. Og der inn-under gjekk Elvi tung og svær.
Kvit-skavlande. I full Flaum. Med Brot og Brak og Bresting
av Is som dreiv; store, vide Isflagur. Eg sat paa
Langsleden og torde knapt glytte der ned. Det var som aa
sjaa ned i ein ... Avgrunn.»
«Uff!»
«Hm. Hm-hm. Paa Heimvegen køyrde Drengine fyri.
Eg og Blakken kom etter med eit Lass Halm. Eg torde
kje sitja paa Lasse yvi Brui; gjekk attmed; fylgde
Blakken. Var ikkje rædd. Hadde det gjengi godt fyrr,
so gjekk det vel godt no med; Blakken var so vitug;
han greidde det aaleine.
«Den fyrste og leidaste Stubben klara eg fint; daa
tottest eg vera framfødd. Eg heldt meg tett inn-aat
Blakken og røynde mit Mod med aa gange og sjaa ned
i Elvi; det var vent og, totte eg; veldigt. I gule
Kvervlar fossa det paa; svart og djupt; og Isflagune tumla
Kant um Kant; mot kvarandre og yvi kvarandre. Og
kannhende fire og tjuge Tömar millom meg og
Bru-Kanten.
«Med ein Gong... eg veit ikkje koss det bar til; men
Lasse var komi fram paa Sida av meg, og dei fire og
tjuge Tornane hadde vorti til tolv...» han geispa. «Eg
vilde berge meg fram aat Blakken att; daa gleid Lasse
med Framenden —» ... «hu, Morbror —» ... «lite Grand;
berre lite Grand; men Kanten vart so smal at eg kunde
303
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>