Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
meg vondt for henne. Men Dauden vart henne lett
nok.»
Soli seig og seig. Eg studde meg mot Hand-Ride og
saag paa Skyine. Han sat der og stirde med slokna Augo
ut yvi Have eller inn i seg sjølv.
–«Og no, daa eg vart sjuk,» heldt han fram, —
«daa var det og Dauden. Hm. Eg stod upp um
Morgonen som elles; skulde til aa stelle meg; so er det som
Golve kjem burt under meg... Eg treiv etter Feste;
men alt svikta, gleid undan... og ei Magt som det ikkje
var Motstand imot, hm... drog meg i Golve. Eg var
meir forundra og forfjamsa enn eg var rædd. Hm. Den
Magti som det ikkje er Motstand imot... naar ein
kjenner at det er den, so vert ein roleg.
«Daa eg vakna, var eg berre ei tung — hm — Tyngd,
som laag og seig djupt djupt inn-i noko mjukt og
myrkt; bly—bly—blyende tung; arm, arm, ynkeleg arm
... so eg var saar av det i kvar Nerve. — Aah, so tung;
og litegrand svimrin; Sengi liksom flaut med meg, og
duva... Hm. Eg kjende kje noko vidare til meg. Var
berre denne tunge Ørska. Opne eit Auga, røre ein Fingr,
aah; langt-ifraa. Kom kje for meg ein Gong. Kvile var
det einaste eg vilde. Kvile med kvar Blodsdrope og
Celle, kvar Taatt og Taag... berre sige endaa djupare
ned i Kvild; endaa tettare inn i Svevn. Sovne av, sovne
reint av. So det vart berre Natti. Hm-hm; hm. Eg visste
at denne Natti var Dauden, men eg lengta like godt.
Lengta med dauv, nøgd Ro; eg visste det kom nok.
Berre aa kjenne til seg var slik ei Møde; aah. Aa-nei.
Strekkje seg ut og døy... for ei Lise det skulde vera.
For ei Svaling. So rædd er ein Dauden, naar han kjem
nære nok. Hm.
«Enno kjennest det ofte som eg kunde leggje meg
attyvi og ande ut. Og det er slik ein fredeleg Tanke.
307
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>