Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
aat den i Dag. Ho Goro jamrar seg so ille for Bytta, so
det er reint av Lagi.»
Mpah, mpah, mpah; «noko skal de no alitid ha aa
gnaale paa.»
Ei stund etter gjeng han ut. Ho høyrer han gjeng aat
Bui. Noko etter kjem han inn att med Hamar og Tong
og Kniv og Spikar. «Du fær koma med denne Bytta daa.
Det vert vel kje Fred aa faa til nokon Ting, fyrr du fær
denne Bytta.» Kjeringi ut etter Bytta so snøgt som ho
hadde brent seg.
Naar han Lars er ferdug med Bytta, er Klokka so
mange, at det lite kann nytte aa fara til med noko
Ute-Arbeid i Dag. Sét slikt! — Naa; so fær me sjaa paa
Vére til i Morgo.
Um Morgonen regner det. Dagen etter er Vére godt
nok; men so er det Laurdag. Og det hev seg daa
ikkje aa taka til med eit Stor-Arbeid paa ein
Laurdag lell.
Um Sundagen kviler han Lars seg godt ut; for no lyt
det bi i Morgo daa, maa’ta.
Men —. Um Maandags Morgonen kjem han i Hug, at
han skulde so plent ha vori burt-i Gardom og tala ved
’n Jo Uppistugunn um den Sauen han skulde faa taa ’n
i Haust; sét slikt; at han no skulde ha gløymt det
au daa!
Lars ruslar aat Uppistugunn. Og sit der og røder um
Vére, og um han Svein Moann som er so sjuk, og ymist
anna som til høyrer, til dess det lid ut paa Eftan. Daa
kann det gaa for seg aa bera upp Maalemne sitt.
Han fær avgjort det um Sauen. Og kjem heim att i
Kveldingi. «Sét slikt! Der gjekk den Dagen med!»
segjer han Lars i Lia.
Morgonen etter er han endeleg paa Veg yvi Time til
Arbeide sitt.
312
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>