Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
beintfram og rimeleg Ting at det liksom ikkje var noko
serskilt aa tala um.
Me var inne og saag Like. Vent og rolegt laag det i
sine Lakan som eit Bilsete av Voks, med ei Panne so
høg og eit Andlits-Lag so reint som det skulde vori
Like etter ein Konge.
*
Kista var seks flathyvla Fjølir; ho var samanfeld og
samanspikra paa snøggaste Maate, kola og svart. Pynta
var ho med «Overflødighedshorn» og Krossar med «Hvil
i Fred» paa og annan Landhandlar-Likstas, og
upp-stelt paa ein Stuttbenk midt i Stogo. Paa Stolar og
Langbenkir rundt ikring sat Likferdsfolke, Karane paa
den eine Sida og Kvendi paa den andre. Fleire av
Kvendi hadde Smaaborn paa Fange; ei sat og gav den
vesle Bryst. So snart ho vilde slutte med dette, gav
Vesletrolle seg til aa skrike. I sjølve Døri stod ein
Mann, smaavaksin, med eit langt skakt Andlit og
Heil-skjegg; han var kløkt, eller han hadde Krim; for han
laut ofte snyte seg. Og daa han i denne Høgtidsstund
vilde vera so finsleg i si Aatferd som Raad var, bøygde
han seg kvar Gong djupt ned og strauk Fingrane under
Styvlesolane. Attum honom, i Svali, stod Ungdom,
Tenestefolk og andre, som ikkje retteleg høyrde med i
Lage. Me Framandkarane hadde fengi Rom i ein Krok;
det vart elles gjort meir Ære paa oss enn ubedne Gjestir
kunde vente.
Læraren i Bygdi, ein høg bleik Mann i ljosblaa
Che-viot-Klædnad, song yvi Like. Eit Par av Likferdsfolke
song med. Det var helst som ei Bønestund eller ei
Upp-byggjing.
Salmen var lang. Roleg og stød gjekk han fram paa sin
einslungne harde Tone, og blanda seg paa ein underleg
tung, svævande Maate med Vindsusen der ute, som
322
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0324.html