- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
331

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

mindre og mindre bryr eg meg um «Framgangen».
Framgang, det er no au eit Ord. Kannhende er det med
den som med so mykje anna, at det ein vinn framme
ein misser bak. At Folk er fornøgde og greider seg,
det veit me er godt; ja naar alt kjem ihop, so er det
vel det som det gjeld um.

—• Eg er paa Nedgang til Sirdalen, den vestlengste
av desse norske Elvedalane som ikkje er anna enn gamle
Aa-Far, utgravne i Fjelle med Skuring og Sliping av Is
og Sprengjing med Frost og Sliting og Skyljing av Vatn
og Grus gjenom Aarmillionar, til dess Sopp og Mose
fekk Feste paa ei Sand-Øyr her og der, og i Leir-Veltur
millom nedramla Berg, og førde der sin seige Strid med
alle brakande og brultande Trollmagtir; reidde soleis
Grunnen aat høgare Liv; og det daa sidan aat endaa
høgare.

Det kveldar; eg sit paa ein Stein uppi Fjellbruni og
ser nedyvi Dalen, som ligg der stengd og still med Aai
myrk og blank i Bøyg og Bugt, seint og smaatt
vinnande sin Veg gjenom alle Mein, sistpaa som beint
gjenom Fjelle. For det som vil fram, vinn fram, um so
Jøtunheimar stengjer.

Det er Hus til Natti det gjeld um no. Lengst nede,
halvt attum ei Fjell-Nos, kvitar det i eit Hus attum
nokre Tre; men det er langt dit; og eg er trøytt.
Endeleg finn mine leitande Augo ei Høylødu ned i Lidi; og
der bed eg meg til Gjest. Ikkje lengi etter er eg der.
Godt er det aa kvile i det turre varme Høye, og
Nattevinden og Fjellbekkine svæver meg med si linne Susing.

— Dagen etter bar det upp gjenom Dalen; og sant aa
segja var det godt aa faa fast Veg under Foten att.
Men morgongrettin var eg, og ustelt og lite i Lag, so
eg lika meg ikkje, daa eg saag ein Mann koma
hinkande, som visst vilde vita kvar eg var ifraa.

331

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0333.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free