Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
med meg upp til Gards att; so slapp eg lettare fram
sjølv med? Dette samtykte dei alle med mange Faktir
og mykje Augnebruk; og snart stod heile Flokken der
og olstra um denne Praamen. Eg svara ha og ja og
berre venta paa kva som meir skulde koma.
Det kom ikkje meir; men dei gjekk. Takkande og
velsignande kvarv dei i Urdi som dei or Urdi var komne.
Og eg gjekk til min Kant. Eg hev ikkje sét deim ut til
Pengemann, tenkte eg; og til Steik hev dei vel funni
meg for mager.
Ussetande, løynfule Folk. Store Barnsungar; fælt til
Ljugarherk. Dei hadde stoli ein Praam. No venta dei
Eigaren etter seg og vilde stagga ’n med aa sende meg
imot ’n, liksom det vert sagt at dei staggar Skrubben
um Vinteren med aa kaste Borni sine til ’n, eitt for eitt.
For Born kann dei alltid faa att. Men meg skulde dei
ikkje narre. For meg skulde visst Tjuvegodse faa staa
der det stod.
Ein halv Times Tid etter sat eg i Praamen. Stigen
var komin burt for meg, og mindre og mindre
framkjømd var Urdi vorti, so eg laut berre taka den Hjelpi
som baudst og takke til. Ein fekk ikkje vera so strid
paa dei juridiske Distinktionar her i Heiane. Ingin Ting
so gali, det ei var for eitkvart godt. Det kunde koma vel
med at her vart stoli Praamar og stundom.
in.
Det var elles ingin Praam. Det var ei Eikje, firkanta,
flatbotna, breid som ei liti Fer ju; ihopslegi av
Planke-endar. Aarane var lange som Mastrir til ein Seksærings
Baat. Og endaa rakk eg knapt ned i Vatne med deim,
naar eg sat midt paa Tofta.
336
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>