- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
340

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

langt upp i Lidi komin, so lagdest det til att med Regn.
Ei veldig Skur. Svære Dropar i tett Fall; og tettare og
tettare til dess det berre auste. Det var det stridaste
Regne eg hadde vori ute i. Men det vart endaa stridare.
Og endaa stridare. Eg vart mest rædd; det var det ville
Skybrot. Himilen var som opin; det hylja, sturta,
foss-fløymde. Det gjekk gjenom Heiane som Stormsus. Aldri
regner det slik nokon Stad som her i desse skogsnaude
Bakke- og Berghalli ut imot Vesthave. Det var fælslegt
og samstundes høgtidsfullt, som alltid naar
Jøtun-magtine slepper seg lause i si ville Kraft.

Snart flaut det og fløymde kvar eg sette Foten. Og
det var ikkje Skur lenger: det var Siregn. Himilen var
aalsvart. Skygnde eg meg ut under Sydvesten um det
ikkje skulde vera Von til Letting nokon Stad, gjekk
Luft og Himil saman i ein graa Flaum av fallande
Sky.

Det var vorti myrkt med ein Gong. Av all Magt seig
eg paa; men det var mest som aa vasse under i Vatn.
Og eg saag snart at her var ikkje Tanke um aa naa
Gjætarbui i Kveld. Eg hadde vunni meg upp imot
Skarde der Leidi var meg synt; men no var det so
myrkt, at eg skilde ikkje klaart meir enn nokre Stig
ifraa meg. Det var daa berre aa sjaa seg um etter ei
Nattelivd. Ein Heller, ei Steinbu, eller kva det var; eg
skulde ikkje forsmaa.

Men inkje noko sovori var sjaaande. Og rett som det
var hadde eg misst Leidi. Eg totte eg gjekk i Vest og
ikkje i Nordaust. Noko Ulende kom eg uppi, med Tuve
i Tuve og Stein og Hol, so der lite ar framkjømt. Det
kunde gaa gali dette. Eg kunde rengje Fot eller brjote
Bein; so laag eg der til eit anna Aar. Og stundom stansa
eg skræmd: eg tottest staa bikkande og vippande
fram-fyri svarte Stupe.

340

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0342.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free