Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ein Glir. Det er Gidr og Blidr rundt alle Lidir. Kvina
kved, dul og løynsk. Halvkvedne Ord vaknar i Susen;
eg fær ikkje Tak paa deim. Og eg sjølv er kje heller rett
laga. Eg gjeng som paa framande Føtar eg ikkje hev
Magt med. Men gjeng likevel, som styrd. Skreppa paa
Ryggen heng og slit som ein Ridham eg ikkje kann faa
av meg. Det brenn i Aksline, som elles hev vorti so
underleg burte. Yvi Nakken ligg det som ei tung Hand.
Det gjeng Bivnir og klaare Flekkir for Augo.
Der er livande i Fjelle. Gygri bur der i Bergjo nord.
Burt-i alle Leite gjeng Buskapen hennar. Brune Stutar,
brandute Kyr; svarte store Hestar; dei beiter og
svingar med Rovune sine. Upp i Skard og Høgdir stend
runde digre Troll og veiftar med Armane og gjæter.
Trollskapen hev det godt i Høgheiane no; Kristfolke er
heimfari.
Der rekkjer ei Rad med brune Bjørnar. Eg vert
standande og furdar paa dette; flyt jer dei seg? Eg tek
Merke med Augo og médar og mæler. Men kann kje faa
Tak paa det. Alt er ustødt og usætande; alt flyt og
glid. Dei stend visst paa same Staden. Men likevel
rekkjer dei. Det er rart. Det er vel slikt dei kallar
Synkverving.
Klokka mi stend; eg hev gløymt i Gaarkveld aa draga
ho. Men Tidi gjeng. Kalde Vindgufsar tek til aa slaa
ned ifraa Nordvestheiane. Det frisknar. Her og der stig ei
Sky. Det himer seg til i Vest og Sud; Soli slørest.
Vind-kasti kjem oftare; Elvi kyngjer; skal me hava Regn
att? — Gud vere æveleg Lov og Takk. Her gjeng eg og
glor med opne Augo og ser ikkje. Drøymer eg? — Der
stend Hytta.
Daa lo eg. No var all Sut sløkt. Attunder ein god
Stein, der Soli stod paa, sette eg meg og heldt Dugurd.
Det smaka kje noko av Turrmaten lenger; men Mat maa
343
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>