Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
men um Sümarnatti, naar Hügen lengtar og Blode gjeng,
kjem Huldri inn og set seg paa Sengekanten og er mjuk
og spak, til dess den øre Drøymaren ser Rova og dei
grøne ville Dyreaugo og slær Kross for seg.
Her, i Vest-Agdir, er daa ög ein gamall Heim for
Song og Sogu. Det er Heiane som diktar og kved. Ymis
Rikdom veks daa av Heiane; Vestmannen avlar der
Kjøt og Ull som mest, men Sæbyggjen og Telen Sogur
og Draumar.
Sistpaa laag eg der og drømde sjølv i ei Ørske midt
imillom Svevn og Feber. Daa eg raadde or att var det
myrkt. Ikring Stogo gjekk som eit døyvt Fossebrak;
Regne var komi. Og Kvina skura, skar, skreik. Det var
liksom all Villrædsle i Trollfjell og Gygreheid hadde
samla seg i denne eine lange Tonen. Resten av Natti
gjekk eg uppe, burte og bergtekin i all denne Sjoding
og Sus. Stundom vart eg som eitt med dei løyste
Mag-tir. Ei halvrædd, vill Glede tok meg. No losnar Verdi;
no fløymer det alt; no driv me til Havs; lat drive!
V.
Det er Dag att.
I tett Skodde tek eg meg fram fraa Varde til Varde,
yvi Rindar og Rustir og Rant og Rygg, inn-etter og
upp-etter. Elvesusen veiknar og kjem burt. Det vert
stilt, reint stilt, her upp-i Skyheimen.
Di høgre eg stig, di lettare det gjeng. Framfyri meg
ljosnar det smaatt etter kvart, og rett som det er stend
eg paa ei Høgd i klaar Dag og ser yvi Moar og Myrar
langt inn-yvi — aat Sætisdal.
No gjeng det av seg sjølv. Leidi lig greid, og det
Raade or: «komme til Bevidsthed».
347
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>