Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
slaast lenger, utan ender og daa med Kniven i eit
Gjestebod? Er det sant at dei lite duger til Arbeid og alt
som denne Tidi krev av klok Rekning og seig Trott...
Hu nei; ikkje slike Tankar i Kveld.
Samrøda gjeng lett og fritt og med stort Liv. Eg gjev
serleg Gaum etter Husbonden, Gunnar Drengsson sjølv,
ein aldrande, fin Mann, Hovding av det gamle Slage,
Bonde og Døl i alt, med eit klaart, fint «ariskt» Andlit,
roleg og greid, utan Braak; stødt og lett fører han
Samrøda, med ein Kunst som eg kjenner att fraa gode
Bondehus vestanfraa, men knapt hev funni nokon Stad
so fullkomin og fin; alle fær vera med og alle kjenner
seg frie, men er bundne og styrde av den gode Tonen,
so at inkje uhøvelegt eller uhuglegt fær ovre seg. Og
endaa var det i Kveld baade Dalafolk og Utmennar
samla.
Dei tala og fortalde; kvar sitt. No hugsar eg berre
ein ung Døl som fortalde so godt, at alle meir og meir
tagna og berre høyrde paa honom. Fraa ei Byferd han
nett var heimkomin av gleid han inn i ei Ættesogu, som
i mangt kunde minne um det gamle Island, men som var
fraa øvre Sætisdal og no. Det gjekk um Svik i Kjærleik,
og Sorg og Hemn, og drykk og Draap og Villskap; det
var eit Bilæte med sterkare Fargar enn me no er vane
med. Men eg gløymde Sogo for Sogumannen. Det var
den beste Forteljaren eg hev høyrt. Roleg som han sat
der var han heilt med i det han fortalde, og skifte Litir
og Augnebragd og Maalføring etter Skiftingane i Sogo.
Det var nynorsk Sogustil rein og fast; den gamle Klang
og Fynd, med dette nyare Drag av mjukare Kjensle,
Songtonen. Og Maale smøygde og bøygde seg um
Tanken ledugt og lett, med ein Rikdom som alltid fann rette
Orde. Tekin og modlaus sat eg og høyrde paa. Det var
351
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>