- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
372

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

De rædde rømer av rike Salar
og søkjer Gøymsle i Berg og Dalar
og bed um Ro,
og sig i Blod;
og det gjeng Havbrak i Lufti.

De liter paa det at me tagde lengi
og er so tollege og seine.
De kyter til Gud; han skal setja Stengje
og verja dei rike og dei reine.
Men Ramnar seg sankar i Uvérskufte;
og hadde de
kvar Avgud med,
so held me Domedag aaleine.

Ein umstøytar.

Sogo, sagd um mange
Menn det stend Segn og Sol av,
rister eg her i Rad og Rim
um den heilage Olav.

Viking og vonde Blotmann
ut han or Villskap fria;
lærde deim lyde kvite Krist
og den milde Maria.

Soli sunnan kveiktest
linnt yvi Sjø og Strendar;
Blokkur og Blomar livna fram
under dei blaae Fennar.

Troll og Tussar tunge
sterk i Stein han støytte;
raatt og roti med Rot han reiv;
Hardhug i Blod han bløytte.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0374.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free