- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
143

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I.

Knudaheio 22. 5. 1899.

Du Steinar!

Ja; no er eg heime att.

So heime som ein burtkomin Son kann vera, naar
Heimen er burtkomin likso vel som Sonen. Og det fær
eg vel segja at min Heim er.

Eg var Erving og Odelsmann. Garden laag fint i
Sud-Halle attunder Garborgs-Aasen, med Aas-Høgdi til Live
mot Hav-Vinden fraa Vest og Nordvest, og med
Risa-Bakkane til Trygd i Sud, og Tjensvoll- og Mossige- og
Fosse-Bakkane i Aust, og ovanum deim Fjellheimen den
blaae. Fager og vel-stelt laag Garden min der, ned-ervd
til meg gjenom Aldrar og Ættir, og upparbeid aat meg
ikkje minst i den siste Tid.

Men eg skauv Garden fraa meg. Den skauv daa au
meg fraa seg. Han Far, som var sjuk, gav upp alt, selde
Garden og gjekk or Verdi. Me Borni søkte nye Heimar.
Kvar me kunde, og kvar paa si Leid. Men Heimar er
kje so snart bygde som dei er brende. Heimlaus var me
og heimlause vart me, tvo av oss i Norig, dei andre i
Amerika.

Det er Bondeliv fraa det norskdanske Norig dette.
Nordmannen e r heimlaus no. Lande hans hev i 500
Aar vori framandstyrt; no er det framandt. Han kjenner
seg ikkje heime lenger; og so fer han.

143

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0145.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free