Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Nokre Futar vart innsparde etter ein gamall
Bonde-tanke; dess lettare gjekk det aa faa nye Embætte upp.
For det er det, som er aa «hjelpe fram Lande» her i
Norig: aa styrkje Embættsverke. Nye Kantor og
Kan-torsitjarar, det er Vegen fram, meiner dette gamle
danske Byrokratie. I det heile: Riks-Tiltak paa alle Leidir,
det er det me trur paa; og di dyrare desse Tiltaki er, di
meir trur me paa deim. Ikkje minst driv me paa med
aa byggje Vegar og Jønnvegar, baade der det trengst og
der det ikkje kunde haste; ofte berre for di at naar den
eine Bygdi fær noko, so lyt den andre faa noko den med.
Og so Byggverk av andre Slag, Galnehus, Sjukehus,
Fantehus, Partementshus; Herreborgir som glimar;
store; gilde; milliondyre; Nationen verdige. Fanden
spare! er det norskaste av alle norske Ord.
Enno gjeng det. Strjukande. So lenge Tidine er gode
vaknar me ikkje. Land, Byar, Bygdir, Kvarmann, dei
kappast um, kven som kann øyde mest og skuldbinde
seg mest «i desse gode Tidine». Framgang maa til! Naar
dei gode Tidine og dei laante Hundra-Millionane er til
Endes, so fær me spara; daa er me nøydde til!
— Det susar um Novine og driv mot Glasi. Dei snaude
sprengde Knausane der ute stend vaate og graae og
samtykkjer i alt. D’er ikkje faarlegt, segjer Knausane.
D’er so Verdi framfari. Spéla upp? I 1814 og utetter
spéla Norig upp tvo Gongir. Og det gjekk godt. All Ting
gjeng. Og korleis det gjeng og ikkje gjeng, so gjeng
det daa eileis ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>