Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og heime i Grendi. Dess sterkare kom det upp for meg
alt det eg hadde misst, og kva det hadde paa seg i
Grunnen, at eg var komin so burt fraa mitt eigi. Det
var ei Stund eg kunde ha gjevi meir enn mykje for aa
faa att det som var forspillt: Ætteheimen og Rome
millom Jamningar.
Mange av Folke fraa mi Tid vart nemnde; no var dei
for det meste burte, burtfarne eller burtfallne. Eg hugsa
dei fleste, um dei ikkje alltid stod so klaart for meg
lenger. Men süme hadde eg gløymt. Og meir og meir
framand vart eg, etterkvart som han kom fram-i dei
seinare Tidir. Mindre og mindre hadde eg der vori med.
Det vart reint leidt etterkvart. Det var som Band brast
millom Heimen min og meg, kvar Gong han nemnde
Namn som eg ikkje kjende.
Han kom innpaa «all denne Amerika-Reisingjo», og
fortalde serleg um den store Utferdi no i Vaar.
Snart-sagt all vaksin Ungdom hadde daa reist. Det var ikkje
godt aa vita korleis det skulde gaa no, so mykje Arbeid
som der laag og venta paa Folkehjelp all Stad. Men so
fekk me no tru, at det var ein som styrde. Eg er rædd
Fritenkjaren vakna i meg daa litegrand; men det eg
tenkte: at her er so mange andre au no som er med og
«styrer», det sagde eg ikkje.
Med god Folkeskikk fortalde han til Slutt litegrand
um seg sjølv og sin eigin Lagnad i seinare Aar, og um
Borni sine i Amerika. Kom so inn-imillom med eit og
anna Spursmaal um meg og mitt Hus, og sagde meg
nokre huglege Ord um det, at eg no var komin paa ein
Maate heim att, og um denne gilde Stogo mi, som var
svært hyggjeleg, og dertil — smilte han — etter den
gamle Maaten. Ho hadde no alltid vorti noko dyr; men
so gjorde vel ikkje det meg noko.
Med ein Gong saag me, at det vart Regnvér att. Der-
337
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>