- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
27

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Bygdi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det meg med sjodande magt, fullt av hyl-
jande gåtur og hildrande eventyr. Og på
lengdi nentest eg ikkje mot det stande. I
berrfrosten seinhaustes, når alt låg beintela,
såg eg jordfast, utgamal kampestein, rimkvit
og iskald som frøyste jarnet, tagal i tærande
talm, broten og branka, stivna og storkna
i millionar år. Ei fengsla sjæl, eit for-
steina andlit, — og det gjekk som ein sukk
i audni: «Hjelp meg! Løys meg!» Som ei
heit vitring og kviskring för det gjenom
meg, at eg skulde bera bod frå dette lende,
vera det ein munn, orde det ut ...

Um natti kom stormen brusande ned frå
brattfjellet, men ingen otte vekte han. Det
var som me tykte synd i kvarandre, — han
i meg og eg i han. Min kjære, min einaste
ven vart han meg. Han sa meg si sut — at
han var ikkje menneskje-voren, men frostal
og tom, og mi heite, livande lengsle gav eg
honom. Eg klaga mi naud — at eg ikkje kunde

21

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free