- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
35

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Bygdi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

lydde som fjetra. Det var som det klovna i
berg og fjell, og over eit høgt leite såg eg
ein veg som det lyste av. Frå attlengst
attende, over berg og blåne til burtaste him-
melleite gjekk vegen, og ein stor samanheng
låg vidopen for augo mine.

Frå den tid tok eg til å lengte attende
til snøfjell og urd, grønt gras og rennande
vatn der som blanke uppkomur spela i mor-
gonsoli.

Ei natt kom det ein runekall og sette seg
på sengjestokken. Han mulla noko til meg,

som ein visestubb:

«Det er heim-brent, det eg har.
Det er sterkt, men prøv det, kar.
Skjenkje vil eg deg ein dram:
drikk han ut forutan skam —
fylg meg sidan lenger fram.»

Eg fylgde honom, og fyrr eg visste ordet

av det, var eg på heimrastom.

35

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free