- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
38

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Den gamle

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Du liknar eit tre som røtest

ut over bygdi all, —

ho heve sin son i sitt vald.

Men sveiv du i tauvrings-eimar,
då munde du på meg kalle, —
då kom eg frå høgfjellsheimar,
utmark og avdalar alle.

Ja sviv du her styrven og tufsen,
då kjem eg til løynleg trøyst,
vill, vindal og gufsen, —

vil deg or sutom løyst.»

Eg viser han stundom ifrå meg.
Då kjem han i draumar på meg.
Liksom ein innholen, grå
vindtusse talar han då:

«Tidi er kanskje tom

og traud nok stundom for deg med —
men du veit eg kann fylle eit rom
og gjera ein skugge, eg med».
Og han ter seg so vesal og arm;

men snart vert han bråvill varm.

38

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free