- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
85

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Heimanferd

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Stigar i lid smyg i løynd ned fraa fjellet,
kongsvegen grå et dei upp, dreg frå bygdi,
Gløymast og døy skal det aurgamle stellet,
kjeldune friske og gøymdaste frygdi.
        Elvi syg bekkjene i seg og stryk —
        att i si rædsle stend fossen og ryk. —
Stilt er i skogane, klaka er vegane, —
sjølv sit du einsleg på ferdmanns-lasset
        i draum under lide,
        i tagalstur kvide, —
då tvingar, då tek deg for heile ditt liv
        ei helsing so blid:
det syng i ditt hjarta, det hjalar eit viv
        i Jusulid.


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free