- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
87

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - I byen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Var eg boren i eit folk som
såg si ære i si skam!

Alt som baud seg: glans og glede,
ord og gjerd og alt
var so annleis enn eg tenkte:
hjarta fraus og svalt.
Vesal nerk var der å vinne
for ei einsleg fjellmanns-sjæl:
vart eg all min dag der inne
tærde talm meg visst i hel.

Såg ’n Kristen Li’n ein kveld der, —
bygding han som eg.
«Er det slike folk i by’n,» sa ’n, —
«ver med heim til meg!»
Lenge seigpint løynleg brann han, —
trøytt og stur og leid seg va’n.
Fram ei flaske brennvin fann han, —
«Lat oss drikke lite,» sa ’n.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free