Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Bil-beistet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det var Grjot-åi, Tund’ri og Toral
Det var Djuva med dunder og brak —
det var Gjelingi, Åstri og Jora,
og Illva med isgrøne flak.
Det var Spitra og Lenda og Stula,
det var Glitra og Skauta og Sula, —
og sjå fjellvigga uppi ved Aura!
— det var grønt vorte jamvel der.
Og all bygdi var ute og paura;
det var våronn og drivande vér.
Per-Bakkjen dreiv køyrde tallen:
frå Grindbakka rauta det rått —
og han Per vart so øren i skallen,
at bilbeistet kom på ”n for brått —
og gampen skar ut der og lenska seg,
klædde seg av, gut, og renska seg —
sela og sundslegi kjerre
på røysi låg att som eit vrak,
og Per-Bakkjen synte Vårherre
ein blanksliten skinnbrok-bak!
8 113
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>