- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
138

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Fire budeigjur

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dei ansa "kje dei sansa "kje at flaumen voks,
at osen saug,
at fossen mol

sin røyk upp or dundrande djuvet.

Rædsla kom brått som eit kvervil-kast —
for seint vart dei var
kva leid det no bar:

mot fossen, mot fossen gjekk båten med hast, —
og selde dei var,
og angesten skar

so knivande kvast gjenom barmen.

Som småfuglen rømer for vengbreid hauk
til hjarta hans brest,
fyrr kloi er fest —

$0 otten av voni med vengkolven strauk
burt kvar ein rest,
fyrr dauden som gjest

kom gufsande beint inn i båten.

138

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free