- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
145

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Eit minne

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10

EIT MINNE

Hev eg hugsa det? Hev eg drøymt det?
Vera det som det vera må —
det er som hundradtal år hev gøymt det,
gløyme kann eg det ei endå.

*



Ein vimsen vind utpå vegom fjasa,
flogu-vis og med kvervilføyk;
gjorde um seg til storm og rasa,

gøyva stod som ein tvinna røyk.

Stormen strid uti åkrom dryfte,
gjorde bygget til fuglemat.
Stormen sterk under takom lyfte,
kjende etter kor fast dei sat.

145

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0147.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free