- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
156

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Fyrkjelyu

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

spør gusten frå allstad og ingen stad,
spør himlen og jordi og djupni um kva
ei løe so gristen og grå kunde ha

å vitne so sant som ho skulde

fortelja deg a/t det ho dulde!

Kanskje ein gong i ei utbrend tid,

då kåri var harde og tronge,
tenestegjentur ha” der sitt hi,

og karar si løynde gonge. — —

Eg drøymde der sjølv ein forgråten dag
som kvelda med skodd i sitt andlitsdrag —
og hildrande båre- og munnharpeslag
med sugande natt seg blanda

og gjorde det tungt å anda.

Dulrame namnet, kvar kom det ifrå?
Eg høyrde ein lauvhoggar sa det,
ein husmanns-tusse, skjeggjut og grå, —

ein gong i min barndom va det...

156

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0158.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free