- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
161

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Trollfisk

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og lengslune stimde som fisken i mengd —
eg ynskte den fisken va’ flakna og sprengd | —

Eg fekk ikkje fat på ’m,

han kjende seg trygg, —

det gleid og det glatt på ’m,

og djupni var stygg.

Sjå, snøgge rann skuggar

av fælslege ruggar,

der bårune mjuke som kvinne og elv

gleid inn under skumvåte, steinkalde kvelv.

Dei livde, dei skume,

og øksla seg meir,

eg drap sagte sume —

og sårbeitte fleir.

Dei største var gløggast

og vårast og snøggast

og søkkte seg ende i djupni kvar gong
dei rana eit agn frå mi dirrande stong.

På’m: på honom.

186 161

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0163.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free