Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Over og under
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
OVER OG UNDER
Livet skræmde meg, og alt var audt.
Alt i verdi tyktest tomt og daudt.
Eg visste over meg dei høge salar —
eg var i botnane på djupe dalar,
eg sat og fiska i ein svarva hellar
og såg ni straumen frå ein jøtulkjellar.
Med regn og skodd som vart so myrk og stinn,
kom sorg og hjartesut i sjæl og sinn.
Snadderøyken møtte gufs frå elv
og slo i holo inn.
Næste dagen var det frå seg sytt.
Livet gledde meg, og alt var nytt.
Eg øygna under meg dei høge salar
og elv og botnar i dei djupe dalar.
163
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>