Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Emne - I
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Noko sinn i rikdom stadde
var dei aldri, langt ifrå;
men dei åffte det dei hadde,
skuldig vilde ingen gå.
Og du ser — du veit det hende
at dei hadde litt å vende;
marknadsvare fin og frisk —
skinn og rjupe, rakafisk,
og av villdyr pelsar mjuke,
korn og karvik, smør og kjuke,
oske, tjøre, seig og sterk,
bær som saug i berg seg nerk, —
og ein hende gong eit naut
som dei inn til byen sende, —
blanke dalar gavst attende,
so det, alt ihop att, flaut
so pass mykje inn umsider
at dei stødt til rette tider
greidde frå seg prest og faut.
Alt frå barnsbein vart dei herde
Karvik: karve.
187
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>