- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
210

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Emne - III

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med ei skaparkraft som tvinga
utvegs-ordet fram so heitt

— med den krafti sjølv so eitt —
at med det vart inste, nakne
tanken ikkje klædd, men fødd —
som ein likam, av si vakne

ånd og sjæl igjenom-glødd.

Eld so heit i tanken storma

at han seg i syner forma, —
som or treet kvåda rann”n,
trengd og tvinga inne frå, —
soleis bruka ordet mannen

meir enn mannen ordet då. —
Sorg og liding, lengting heit,
lagnad tung som ingen veit,
glans og dimme, djupt og høgt
gjordest gløgt

um til visdom, sagd og røynd —
jamt i skjemt og løgje løynd:
orda inn og sagd fortetta

og med lått i været letta, —

210

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0212.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free