- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
215

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Emne - III

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Sæle dei som enn ved denne
dulde altareld fær kjenne

at i hjarta jarteign skjer, —
at ein atterdag skal renne;

usæl den som inkje ser.

*



Gjev det fekk for dag att elde
frå vår eigi strålekjelde!

Å, den bøni bad eg tidt.
Gjev det hende folket mitt,
det som Skrifti veit å melde,
det som Bibelen fortel:

at kvar mann i Israel
eingong i eit skifte blidt,
kvar ved sitt

eige vin- og fiketre,

kjende nådens under skje,
nådens mjølk og honing fljote
i sitt hjarta og fekk njote
heilag hugnad, ljos og fred.

215

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0217.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free