- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
228

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Emne - V

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

bygdi såg eg, der dei budde,
dei som trassa tronge kår,

odla heimar upp og rudde

jordi gjenom tusund år.

Um ein truskap utan ende
vitna desse skrinne lende;

røys i røys med stein på stein
synte striden tung og sein.
Rundt meg såg eg blomar blenkte
med so rein og fin ei tindring
der i vigga, at eg tenkte

(sjølve meg til trøyst og lindring):
all den harde, myrke hindring
frå naturei i og rundt oss

er eit vilkår lagnad-sett,

ja eit vilkår som er unt oss,

all vår evne, all vår ætt —

at vår vilje sjølv skal tvinge
gneist av eld i eigen barm,
under bråna is i bringe

vekkje von og lengting varm.

228

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0230.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free