- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
234

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Emne - V

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vilde sjølve steinan tala, —
gneistre til det brann eit bål
med ein eld som ikkje slokna
fyrr enn sjølve landet brast, —
til vår merg og tunge storkna
skulde desse namn stå fast.

Marki blømde, våren vona,
og eit ord meg gjenomljona:
um dei og vart tala tome,
alle vigde kyrkjehus,

og dei kalde ord og skome
døyvde glødde tungurs brus,
vilde sjølv naturi her
kviskre mjukt um den som heve
ifrå æve og til æve

vitna um seg sjølv: Eg er
den som var og vert og er.
Syner der i berg og bratte
såg eg no med augo atte:
såg eit fjellfolk høgt i nord

234

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0236.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free