- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
241

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Fjellvår

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det leid med våren etter kvart;
ein såg nok at det heldt på vart:
i yrom tindra bjørk og brisk,
i gil og djuv stod heggen frisk
med knupp i knupp;
men høgre upp
stod heile skogen svart. —
Det var so kalde næter,
og vinden tyktest mesta trå,
og upp mot fjell og sæter
var allting audt å sjå. —
Jamvel fuglesongen
gav berre einkvan gongen,
med lange millomrom,
i lid og lundar ljom.
Kvar fugl var liksom halvrædd,
og flaug so stilt frå busk til busk,
og slutta visa halvkvædd,
og skvatt i regn og rusk.
Det smaug, det smatt og gøymde seg,
og blomen våt i blåsten slong, — —

16 241

—— KR

SJT IT GRNT SET

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0243.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free