Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I skiringselden
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og tusund fuglar til meg song:
her var du barn eingong!
Her drøymde du i blome-engjer,
her fekk din fyrste tanke vengjer;
her stilltest dine hjarte-strengjer
i vårens fyrste sælerus
til tonar av ditt fyrste jonsok-brus!
Og sjå! I skire solfalls-gull
min barndoms olderskog av symra full,
og i fiolblå skuggar småfugl rann
som gyllte pilar att og fram;
frå blanke strupar sumar-songen søt og linn,
fyllte som eit svalings-laug mitt sinn!
Og millom kvite bjørke-legg
og formår av det unge grøne lauv
mot vatne bøygde seg min barndoms hegg
angande og brureklædd,
drysjande med smil og helsingståre
si blomebragd på kvite strand og sylvblå båre!
Mitt auga gjordest gjestebod
og i ørskesæle
eg bøygde meg den trolldoms-blom imot
som gjøgla for meg desse syner
men stygdest burt i fæle!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>