- Project Runeberg -  Symra : Den blomen du elska /
28

(1934) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eg hev ikkje stunder

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

EG HEV I K KJE STUNDER

Eg hev ikkje stunder å tenkje på
det vonde dei valde meg
alle dei nissane grå og små
som tumla seg i min veg.

Eg hev ikkje stunder å gøyme på
den gifti dei draup i mitt sinn;
eg vender mi sjel imot himmelens blå,
og fangar ein solstråle inn.

Då vert mitt hjarta ein gilde-hall
med strålande sijeruetak
og våden derinne og vondskapen all
vert til rosor, gull og skarlak.

Og trollspy og gaide til myrrha vert
og angande nardus-eim
i domen eg bygde for alt. som var kjært,
og prydde med glimestein!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 06:52:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hgsymra/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free