Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
II
Nei det var rimelegt han kunde ingen ting med prestar
som Olafsen og meg. Ikkje med Mannsåker heller. Det
høvde slik at både Mannsåker og eg var burtreiste ved
gravferdi åt lensmann Aga. Dei fekk presten Mikael
Hertzberg eins ærend frå Oslo til å tala i kyrkja. Han
skreiv ein rosande nekrolog yver gamle-lensmannen.
Han naut vyrdnad både hjå bygdefolk og hjå framande.
Bygdefolk heldt gamle Aga gjæv for det hjartelag han
synte gong på gong: han greidde tidt sjølv dei bøtene
bygdefolk vart i-lagde. Og so høyrde han til den vyrdelege
Aga-ætti med sine rike tradisjonar!
Gamle dokter Garmann Andersen var heller ikkje
målmann. Men var godlynd og snild. Han ynskte eg
vilde tala bokmål. Han kom jamvel med tvil um eg
greidde ny-norsken, eg som var bygut. Men då fekk han
svar av Jon Mannsåker: her er ingen av oss som greier
nynorsken betre enn Anker.
Ja i den vegen fekk eg fred og gode dagar i Ullensvang.
#
Det kom ingen prost og sette meg inn. Eg laut lesa
upp kongebrev og bispebrev sjølv. Eg la til: «Skal me so
tru at Gud stend attum? korkje de eller eg vilde det!
eg fær tru det er Guds vilje.» Eg helsa sørfjordingane
vel møtt til samarbeid.
Dei tok vel imot meg, trass i vonbrotet. Dei køyrde
i hus alt flyttegodset fyrr eg kom; alt stod der den dagen
me flutte inn.
Heradsgartnar Einset hjelpte meg både med godset
og med å finna paktar til prestegarden.
Oddmund Børve sende meg brev: eg var velkomen,
endå um heradsstyret vilde havt Mannsåker. Snart kom
han og helsa på meg, og han var alle dagar min trufaste
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>