Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Odda
So lenge Odda høyrde med til Ullensvang prestegjeld,
gjekk det for meg i ein køyr. På alle ferdene til Odda
hadde eg hendene fulle frå morgon til kveld, med
kyrkje-lege tenester, barnedåp, vaksendåp, konfirmant-lesing,
brurvigsler, gravferder, sjukevitjingar og foredrag!
I Odda var samla alle slags folk.
Mange var udøypte. Eg fekk heile syskenflokkar til
dåp laurdags ettermiddagen.
Ein flokk fekk eg greia på ved årsprøva i folkeskulen.
Eg freista få tak i faren. Då eg endeleg fekk snakka med
han, viste han seg å vera ein bra kar. «Det går slik med
oss anleggs-arbeidarar,» sa han, «vi flytter frå stad til stad,
og kjem burt frå Gud.» Han hadde inkje imot
kristendomen, og hadde heller inkje imot at borni hans vart
døypte. Sjølve vilde dei det gjerne. Dei tri eldste svara
på spursmåli sjølve; for dei tvo minste spurde eg foreldri.
Tvo av dei eldste var i konflrmasjons-alderen. Dei skreiv
seg straks inn til konfirmasjon. Eg hev alltid meint det
er best for døypte vaksne at dei etter dåpen gjeng til
konfirmasjon. Dermed fær dei bygt upp sitt kristenliv
på dåps-grunnlaget.
Ei mor hadde ein flokk heimedøypte born. «Eg likar
ikkje kyrkjedåp,» sa ho. Faren såg eg ikkje. Eg fekk
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>