- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
24

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

på. Men ho kom ikkje. Ingeniørane møtte aldri, korkje
i kyrkja eller på foredragi. Det såg ut som deira interesser
var på andre kantar. Arbeidarane var meir ålment
interes-sera enn ingeniørane!

Eg tala med driftstyraren um det mekaniske
fabrikkarbeidet: eg heldt fram kor vanskelegt det måtte vera
for fabrikk-arbeidarane å finna arbeidsgleda, når
arbei-daren berre er ei maskina; eg spurde um ikkje ingeniørane
kunde halda foredrag for arbeidarane um samanhengen
i arbeidet? Kunde dei sjå og skyna samanhengen, vore
det von um at dei kunde få personleg menneskeleg
interessa for arbeidet sitt? so kvar arbeidar kjende seg
ein lekk i ei stor kjeda ? «Ja, jeg hadde planer om noe slikt
da jeg kom hit. Men jeg gav det op!» Det vart seinare
etter kvart klårt for meg at stor-industrien hev kje bruk
for tenkjande menneske til fabrikk-arbeidet. «Korleis vil
det ganga til slutt?» spurde eg driftstyraren, «når
arbeidarane berre er løns-trælar? Vil ikkje det driva mot
revolusjon?» «Det vil det visst,» svara han; «men vi får
håbe det ikke blir i vår tid!»

Elles var denne driftstyraren ein fin og sympatisk
mann, som so mange av ingeniørane. Me var gode vener.
Han kom jamvel ut til Ullensvang og vilde ha meg til
å døypa dotter si. Me var hans gjester i dåps-gildet,
både kona mi og eg.

I det heile var ingeniørane beinsame og gilde å ha med
å gjera. Og det trass i at dei skyna eg var ingen eiskar
av stor-industrien. Dei hadde jamvel havt god grunn
til å klaga på meg for eg bruka sterke ord i ei
sundags-preik: det er tvilsamt um me hev lov å bjoda våre
medmenneske slike arbeids-vilkår som stor-industrien byd dei.

Eg fekk høyra kritikk for dei ordi.

#

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free