- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
26

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

koselegt, med vene fargar. Kyrkja fekk elektrisk
upp-verming, som stod på gjenom heile veka, so det var lognt
når som helst.

Sameleis kosta dei elektrisk innlegg i prestestova, so
eg kunde bu der og hygg ja meg godt kvar gong eg vitja
Odda.

Folket i Odda-dalen vart eg vel-kjend med. Planen
um å få kyr kje og kyrkjegard i Skar de var alt på tale. Men
det gjekk ei år-rekkja fyrr tanken vart til røyndom.
Mil-lombels heldt eg då bibellesingar, ungdomsforedrag, og
samtale-møte i skulestovene.

Odda ungdomslag gav meg ei avskils-gåva då eg slutta
der inne. Eg hadde halde mange foredrag i laget. Ja,
det heldt eg fram med i fleire år etter eg slutta.

Lærarane i Odda vart mine gode kameratar. Dei bad
meg laga ny skuleplan for kristendoms-upplæringi, på
grunnlag av mitt foredrag «Kristendoms-upplæringi i det
20de århundrad». Me hadde havt ordskifte um dette
foredraget i fleire lærarmøte på prestegarden, der lærarane
frå heile det gamle Ullensvang møtte. Då so den nye
planen vart framlagd på eit lærarmøte her ute, sa den
gamle grundtvigske skulemannen Halldor Eidnes: den
planen er ideell. Det vart ikkje dei gamle upptrakka
vegane. Planen sette større krav til læråren. Dei lærarane
som tok seg på tak, vart glade i den nye planen. Ein av
dei sa: um 200 år kjem denne planen til å vinna!! Men
alt 25 år seinare kom um lag same plan med namnet
«normal-plan». Dei tri samlingane barnepreiker «Bibelen
for barn», som eg fekk utgjeve ikring 1940, gjev
rett-leidingar um planen.

#

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free