Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Kinsarvik
Medhjelparen min, Torstein Alvsåker, fortalde meg:
Det stod strid um kyrkja på Utne. Ved val på nytt
herads-styre i 1889 vart dei kasta alle dei som vilde ha bygt den
kyrkja. Då fute-kontoristen hivde dei upptalde
røyste-setlane på fjorden utfyre Lofthus- bryggja, sa ein mann:
der flyt Utne-kyrkja. Grende-politikken gjorde seg
gjeldande. Kinsarvikingar på austsida av Sørfjorden var
helst imot. Underlegt var det at folket på Grimo-strandi
og røysta imot kyrkja på Utne. Like vel budde no tyngdi
av kinsarvikingane på den kanten. Men Torstein rodde
heim frå vaiet med små voner. Då han kom roande framum
Utne, pikka gamle «Banken», banksjef Johs. Utne, på han.
Han la innåt, og gjekk upp til han. «I dag er her kome
telegram um kongelegt løyve til å byggja kyrkja på Utne.»
Ja soleis gjekk det. Utne-folki var mektige til å driva
saki igjenom. Fyrr det gamle heradsstyret slutta, sette
dei byggje-nemnd til å leggja i veg. I 1895 var
Utne-kyrkja ferdig.
«Kinsarvik Sparebank» på Utne la upp eit prestefond
til å løna eigen prest. Eg nemnde med ordføraren, L. Aga,
at det kunde skipast slik, at dei fekk ein residerande
kapellan på Utne? Nei, dei vilde skiljast frå Ullensvang og
få sin eigen sokneprest! Ullensvang hadde ingen ting
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>