Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
II
dokteren Garmann Andersen gav iooo kroner. Likevel
møtte tiltaket motstand. Ein vyrd bygdemann sa: aldri
hev det vore elektrisk ljos i kyrkja vår! og aldri skal det
verta! Andre streika ved innsamlingane. Men det gjekk
i lås med planen, serleg då tvo av motmennene vart
valde inn i ei tilsyns-nemnd for innlegget!
Truleg hev folk seinare vore glade for innlegget.
Heradsstyret hev løyvt elektrisk kraft.
*
Eit anna tiltak som soknerådet vedtok, var å ta i bruk
einskild-kalkar i nattverden.
Alt i 1915 hadde eit soknemøte samrøystes talt til å
nytta sovorne kalkar. Men det system av einskildkalkar
som då var lovlegt, fall for dyrt for oss. Klokkar Strømmes
system, som no var godkjent, hadde mange fyremuner
forutan at det var mykje billegare. Ullensvang
herads-styre var so raust at det løyvde pengar til eit heilt set,
med 2 kransar og 44 små staup.
Samstundes kjøpte dei i .Kinsarvik eit sovore set til
både Kinsarvik-kyrkja og til Utne-kyrkja. Ved store
altargangar låner me av kvarandre, so me rår yver 132
staup. I regelen er det flust. Skulde det turvast endå
fleire, hev Strømmes system den fyremunen at ein
slepp samla inn dei staupi som er brukte: ein kan taka
heile kransen stilt og lettvint inn i sakristiet til vask i
kokande vatn.
Dessverre hev Strømmes system ikkje vunne den
inngang det er verdt. Men ein stad til i Hardanger tok
dei etter fyredømet vårt: soknerådi i Vikøy og Øystese
hev teke systemet i bruk.
#
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0040.html