- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
41

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

vart den nye kyrkjegarden innvigd ved ei høgtidleg
kyrkje-akt.

Til mur ikring kyrkjegarden løyvde heradsstyret
naud-synleg sum. Heile kostnaden gjekk upp i 30 000 kr.

Ein krok på kyrkjegards-muren på nordsida hev si
morosame soga.

Gamle-lensmannen hadde planta ein hekk kring den
luten av kyrkjegarden han hadde fenge i stand i 1890.
Distriktslækjar Hagemann melde til Bjørgvin
Stiftsdireksjon at denne hekken var skrøplegt gjerde. Det kom då
bod frå Stiftsdireksjonen at det laut anna gjerde til. Då
tok gamle-lensmannen og planta ein ny hekk utanfor
den fyrste. Dermed kom han inn på
prestegards-grunnen.

Murarane i 1931 spurde um dei ikkje skulde leggja
muren i rett lina, men fekk til svar: heradet vil ikkje gjeva
prestegarden att noko som hev vore frå-skilt. Soleis
kom den kroken på muren.

Ei onnor soga millom same distriktslækjaren og
gamle-lensmannen lever enno i minnet.

Det galdt å finna gravstad for ein utanbygds avliden.
Distriktslækjaren peika ut ei grav attmed der Aga-ætti
hadde sine graver. Gamle-gravaren fortalde meg at han
protestera, utan nytte; han trega seinare at han ikkje
hadde nekta å grava.

Men gamle-lensmannen tok det ille upp, som rimelegt
var. Det gjekk ut yver sokneprest Olafsen, som hadde
vore med på gravleggjingi.

*



Då Ullensvang heradsstyre i 1924 vedtok obligatorisk
torvsetjing av alle gravene som heretter vart att-lagde,
kom det meir orden på Ullensvang kyrkjegard. Gravaren

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free