- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
52

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

Høgskulen hans tok til i 1912, med «Krossvoll» til
skulelokale. Men snart såg han seg um etter høveleg
tuft til å byggja den nye skuleheimen.

Det var i eit barselgilde hjå Andreas Ystad 18. april
1915 Jon Mannsåker fekk samla inn fyrste penge-gåva.
Fleire tusen vart teikna med same. Og so för Mannsåker
med lista si frå gard til.-gard, og ingen sa nei. Hadde han
havt tid til å halda fram, vilde han fenge endå meir.
Hundrad-lappane sat laust i den tidi. Folk kunde vel
greidt å samla inn utan hans lista. Men han hadde eit
sers lag til å opna hjarto og opna setelbøkene.

Heile resten av 1915 gjekk det skriv til
Kyrkjedeparte-mentet um kjøp av «Vindhaug». Vassdragsdirektøren
kravde ein «klausul»: i fall stor-industrien fekk bruk for
grunnen, skulde alt anna vika rom. Eg skreiv beinveges
til kyrkjeministeren, Jørgen Løvland: «Då eg las den
klausulen, vart eg heit. Her er flust mykje.nok av
storindustri i Indre Hardanger, i Odda og Tyssedal og Ålvik
og Osa. Me hyggjer oss til å få ein fredlyst stad i
Ullensvang.»

Nyår 1916 för Mannsåker inn til Oslo. Han hadde
fråsegner i lumma frå prestegardstilsyn, frå stiftsdireksjon
og frå ei rekkja ordførarar. Han fekk med seg den gamle
høgskulelæraren, stortingsmann Nils Skaar, ein røynd kar
i alt som heitte «statsmaktene». Dei kom inn til Løvland.
Byråsjefen i prestegardskontoret laut vera med og lyda
på at Mannsåker la saki fram. Fleire vender vilde han
brjota av. Men Løvland stogga han: Lat Mannsåker få
halda på! Og då Mannsåker var ferdig, la Løvland den
tunge skjeggute neven sin i bordet: de skal få kjøpa!
og utan klausulen!

Departementet meinte 6000 kr. var spottpris for
54 dekar. Men då byråsjefen same året kom til Ullens-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free