Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Biskop Hognestad
Fyrr eg flutte til Ullensvang, sa eg til Peter Hognestad:
«Støylen hev vorte bisp i Agder! du må verta bisp i
Bjørgvin!» «Det vilde vera skilsmisse-grunn!» meinte fru
Hognestad. Ho var ikkje huga på å verta bispefrua.
Men få bispefruer hev greidt seg so fint som ho gjorde.
Sume prestefruer i Oslo grein litevetta når dei snakka
um den bondefødde bispefrua. Men bispefrua i Oslo,
fru Tandberg, talde dei til rettes: fru Hognestad greier
sig nok, for hun er alltid seg selv, og klok er hun også.
Ja det var velsigna at både Hognestad og frua alltid var
seg sjølve, frie for snobbeskap og u-natur.
Peter Hognestad hadde fenge gullmedalje for eit
vitskaplegt arbeid. Han var ein kunnskapsrik,
klår-tenkt og varmhjarta forkynnar. Han hadde vunne ålmenn
vyrdnad.
Straks på nyåret 1916 var eg i Bergen og frette at
gamlebispen søkte avskil. Hognestad var og i Bergen
nett då. «No vil me ha deg til bisp.» «Eg tiivst godt i
det yrket eg hev», svara han, «og eg hev ingi tru på noko
bispe-kall for meg.» «Ja men når det kjem so langt, at
riksstyret spør deg, må du lova å ikkje segja nei!» «Ja
det kan eg trygt lova.» Dermed la eg i veg. Skreiv til
Løvland og sette han inn i planen, og skreiv rundskriv
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>