Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
: t. K:
75
Frå fyrstundes hev indremisjonen i Noreg vore ei
lækmanns-rørsla, i strak lina frå H. N. Hauge til våre
dagar. Det er til liti æra for prestar at dei hev arbeidt
imot lækpreikarane. Det er til likso liti æra for
læk-preikarane når dei hev arbeidt imot prestane. Eit
visdomsord sa ein gamal kristen på Sørlandet: det kan ikkje vera
Guds vilje at prestar og lækpreikarar riv ned på kvarandre.
Men motsetnaden kjem lett. I alle religionar kjem prestar
og profetar i strid. Prestane er konserva’ ive, skal halda
tradisjonen ved lag. Profetane er radikale, kjem med
nye utsyner.
Trongsyn er det hjå dei som mismæter indremisjonen.
Dei trufaste lækmenn skal me minnast med takk, som
samla folk um Guds ord, til vekkjing, og til uppbyggjing.
Organisasjonen av indremisjonsfolk hev etter kvart teke
seg av alle greiner av kyrkjelegt arbeid: ungdomsskular,
lærarskular, jordbruksskular, gymnas, teologisk fakultet,
gemleheimar, fiskarheimar, sjømannsheimar, hcspitalskip.
Organisasjonen hev fenge større og større makt. No
freistar han få styret i sokneråd og bispedømeråd. Jamvel
i Stortinget hev indremisjonsfolket fenge sine
represen-tantar. Men det er får legt med mykje makt. Det spør st
kva ånd som kjem til å råda.
11921 heldt samskipnaden for Voss, Hardanger og
Sunn-hordlands indremisjon årsstemna si i Ullensvang. Ho vart
vel motteki. Nokre gauke-strek av fulle ungdomar reknar
eg ikkje. Alle tilreisande fekk hus og kost. Mannsåker
opna Hordatun for dryftings-møtet. Kyrkjetilsynet gav
løyve til å bruka kyrkja. Eg var sensor på Stord lærår
-skule nett då. Mannsåker helsa stemna velkomi med ordi:
«Eg skjemmest ikkje ved Kristi evangelium; ei kraft til
frelsa er det for kvar som trur.» På ein bedehusfest på
Storden etterpå råka eg nokre som var heimatt-komne frå
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>