Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
95
Hamar, var komen på svartelista då han i Hålogaland
bispeembete tok seg av ein urettferdig forkjetra ung
prest. Den soga var i seg sjølv eit myrkt blad i
kyrkje-soga vår.
Den unge presten, som heitte A. E. Andersen, var
utnemnd til personellkapellan hjå den residerande
kapellan Bøckman i Drammen. Ved prestevigsla preika
Andersen. «Kristelig Ukeblad» fann preiki hans
rasjonalistisk og sette Andersen i gapestokken. Bøckman
vart skræmd og tok avskil. Andersen vart soleis
arbeidslaus. Preiki fekk han prenta i eit storblad. Det var ei
gåta korleis «Kristelig Ukeblad» kunde lukta kjettarskap
i den preiki. So tok biskop Dietrichson på Troms og gav
Andersen ein ny sjanse i eit hjelpeprestyrke. Det gjekk
godt. Andersen hev seinare gjort rett og skil for seg i
preste-tenesta, i Røldal, i Sannidal og i Tinn. No heiter
han prost A. E. Hedem.
#
Møtet i Calmeyergata i 1919 var eit fanatisk folkemøte
som i mangt minte um politiske møte i 80- og 90-åri.
Kva seg jer du til det, at møtelyden skrapte med føtene
då biskop Hognestad freista ein rettferdigare synsmåte.
Han meinte dei burde skilja millom fornektande prestar
og prestar som heldt fast ved heile den apostoliske trui.
Det vilde dei ikkje. Vedtaket på møtet gjekk ut på å
boikotta alle «liberale» prestar utan skilnad.
Endå kvassare vedtak gjorde næste
Calmeyergate-møte i 1921: dei skulde boikotta alle prestar som ikkje
vilde vera med på vedtaket i 1919! Det fekk straks fylgjer
fleire stader. Bedehus-styri stengde bedehusi for sine
eigne prestar. Biskop Støylen lasta bedehus-styri for dette,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>