Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
125
sette kj ærasten mod i han. Ho lærde greske og hebraiske
bokstavar, so ho kunde lesa høgt for han dei teologiske
bøkene, og so fekk ho han upp ril eksamen. Ho var eit
gåverikt menneske. Men ho hadde fenge eit mein so ho
kunde ikkje stå still. Ho hadde ein feltstol med på turane
sine, so ho fekk setja seg ned når ho skulde prata med
nokon på vegen.
Det varde ikkje lenge med Horneman i Røldal. Han
søkte avskil, og drog utanlands.
Ein amerikansk prest gjorde so tenesta nokre år. Men
røldølene var lite nøgde med han. Han hadde stroke til
lærar-eksamen her heime. Og so fekk han preste-eksamen
i Amerika!
Endeleg kom sokneprest Sellevold, og dermed var
presteløysa i Røldal slutt.
Eg lyt fortelja ei soga frå den tidi eg vitja Horneman.
Eg skulde ha barnegudstenesta ein sundag. «Her er ein
som vil ha barnedåp i dag,» sa Horneman, «prosten må
visst døypa barnet på riksmål; faren er ein heil mål-hatar!»
«Lat meg få snakka med han!» «Hev du noko imot at eg
døyper barnet ditt på nynorsk ?» «Nei, eg er kje so fanatisk!»
svara mannen. Barnet fekk heilnorsk dåp, og eg vart
beden heim i barnedåps-laget! Det viste seg: striden i
Røldal galdt ikkje eigenleg målet, heller kven skulde råda
i bygdi! Med tidi vart Røldal likso heilnorsk som nokor
onnor bygd.
#
På Vossestrand prestegard var løda til nedfalls. Eg
fekk mykje bry med ny-bygg.
Eit bel hadde dei ein fyrste rangs vikar-prest,
sogndølen Reidar Hauge, som hadde «innstilling» til teologisk
eksamen. Elles gjorde vikarpresten i Evanger tenesta på
Vossestrand attåt.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>