- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
127

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

127

Det var Eliassen som sa til emissæren: prost Anker
er ikke liberal. Det var Eliassen som fortalde kva ein
indremisjonsmann sa: det e kje vanskelegt med dei me
veit kvar dei stend! men um biskop Hognestad veit me
ikkje kvar me hev han. Eliassen var forfærd yver sovore
snakk.

Eliassen las sitt ny-testament på gresk kvar dag. Det
skulde ikkje ha vanta mykje at han hadde greidt
preste-eksamen ved vårt universitet. Han gjorde nokre steg i
den leidi; men det gjekk for seint for han. Prestetenesta
tok all hans tid. Han sparde seg aldri.

Evanger soknekall kunde fenge søkjarar nokre år fyrr.
Men Evanger-folket kjende seg så velfarne med Eliassen
at dei bad um å ikkje lysa embetet ut.

Han var ein framifrå administrator. Eit minne frå
hans prestetid i Odda er den teigen han førde inn i
fødselsregister og dåpsbok som viser til einannan. Det gjeng
heile år fyrr foreldre kjem til dåp med borni. I store
kyrkjelydai er det eit fælslegt bry å leita dei upp. Eliassens
reform var ein ekspedisjons-sjef verdig.

Hadde det halde fram med ring tilgang av akademisk
utdana prester, vilde Eliassen vore ein av dei fyrste til
å få fast prestekall ved kgl. resolusjon. Men då det
strøymde til med nye kandidatar, vart Eliassen
reisesekretær i sjømannsmisjonen, og Evanger fekk fast
sokneprest.

Heil norskdoms-mann vart han aldri. Men på
Vossestrand, der den heilnorske liturgien var innførd, nytta han
altarbok og tekstbok på nynorsk. Den grundige mannen
tok timar i nynorsk lesing av den grunn!

Eliassens minne lever i prostedømet. Eg minnest
mangt frå preikene hans, eg lærde jamt eitkvart når eg
høyrde på han.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0129.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free