- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
129

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eit år på vid-åtta

Tenk heimfødingen kom til å fara yver halve Europa
eit heilt år!

Heimføding var eg, hadde å segja halde meg
innan-lands heile mitt liv, so nær som ei stipendferd i Danmark
sju veker. Her i landet var eg heime all stad, frå Idfjorden
til Pasvik. Ja, eg hadde so vidt vore yver grensa der nord
då eg saman med soknepresten i Sud-Varanger vitja
Boris Gleb. Elles var eg budd på å leva og døy ein ekte
Ola Nordmann.

Det var ikkje for mine dygder skuld eg fekk den lange
Europa-ferdi. Det var dokteren som jaga meg ut: tek
du ikkje fri eit år, er du utsliten um eit år eller tvo! Kona
mi hadde lenge skræmt meg: du vert sløv i 6o-årsalderen
som farfar din, slik som du driv på! No fekk ho dokteren
med seg. «De må ned til rivieraen! der kan De leva
billegare enn her heime, soleis som pengekursen er no!»

Eg fekk fjortan månader fri.

Ved visitas på Vossestrand olsok 1929 råka eg styraren
på alkoholist-heimen Framnes. Der fekk eg bu heile
august. «Me vil gjerne ha normale folk i lag med
pati-entane,» sa han. Godt stell var der, endåtil høgfjells-sol,
det vart framifrå nerve-kvild og arbeidsro. Eg fekk greia
frå meg noko av kvart, og lagt plan for heile utlandsferdi.

9 — Anker: Prost og prest.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free