Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
32
utpå Nordsjøen var det sol. Og soli fylgde oss heile
året ut.
I Paris budde me på Montparnasse, attmed bana til
Versailles. Jau, der fekk me fegnast ved sumaren!
So kom me til Rouen, byen hans Gangar-Rolv, byen
hans Heilag Olav, byen hennar Jeanne d’Arc. Hardingen,
sjømannsprest Lars Wallevik, tok imot oss. Tvo sundagar
hadde eg heilnorsk messa i St. Olavskyrkja. Og i
preste-gardshagen var eg med på ein sjømannsfest, der eg tala
um Heilag Olav.
Utpå landet i Normandi fekk me leigt billegt husvære
ei fjortan dagar. Den snilde husfrua vår la seg ut um å
få meg inn i romarkyrkja! Kvar morgon låg ein traktat
attmed tallerken min. Kor strålande ho var då eg gav
5 francs til uppbyggjing av ei stor-kyrkja åt St. Therese,
som nett var komi på moden då! Alle som gav, fekk sers
forbøn kvar morgon!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>